Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

NBF på feltarbeid i Vågå

Publisert 18.09.16 av

I veke 38 var Norsk institutt for bunad og folkedrakt på feltarbeid i Vågå, der vi registrerte gamle klede i privat eige.

Dette er det tredje feltarbeidet vi har hatt i Nord-Gudbrandsdalen. Kvar gong har vi fått sjå spanande plagg, frå store stakkar til små dåpshuver. Draktskikken i Nord-Gudbrandsdalen har vore særs rik og mangfaldig. Her finn vi mange spor etter europeisk mote på 1700-talet, men vi finn og teikn på ein meir tradisjonsprega draktskikk. Slik er draktskikken i dette området svært interessant å undersøkje. 

Registreringane frå feltarbeidet vert lagt inn i eit dataprogram, Primus, og deretter publisert på www.digitaltmuseum.no , som er ein felles nettstad for samlingane til norske museum.

 

Galleri: