Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Norsk institutt for bunad og folkedrakt er akkreditert som NGO under UNESCO

Publisert 5.06.18

Tysdag denne veka fekk instituttet på Fagernes status som NGO – Non Governmental Organization (ikkje statleg organisasjon). Fåe institusjonar i Noreg har ein slik status, og den gir instituttet ei særskilt rolle i det omfattande UNESCO-systemet. 

 Akkrediteringa skjedde i Paris på generalforsamlinga for statar som har ratifisert UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv. Som NGO får Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) ein rådgivande status i UNESCO, som ein institusjon med kunnskap og lang erfaring i å bevare og vidareføre immateriell kulturarv. 

Leiar for instituttet, Camilla Rossing, seier ho er svært stolt over at instituttet no har vorte akkreditert. – Dette er ei anerkjenning av alt det arbeidet som Norsk institutt for bunad og folkedrakt har gjort i over 70 år. 

NBF arbeider med feltarbeid og dokumentasjon, forsking og rådgjeving. Formålet med arbeidet er å vidareføre den norske, allmenne bunadbruken. Da er det naudsynt å sette fokus på alt handverket som bunadene vidarefører, og som NBF arbeider med å formidle vidare via kurs, seminar og utdanning. Akkreditering som NGO under Unesco er en anerkjenning av dette viktige arbeidet. NBF oppmodar no norske myndigheiter  til å prioritere nettopp opplæring og utdanning, som trengs for å gi nye generasjoner verdifull handverkskunnskap. 
Dette betyr at Noreg har 7 akkrediterte ikkje-statlege organisasjonar som ønsker å stille sin kunnskap til rådvelde for UNESCO i arbeidet med konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Noreg ratifiserte i 2007 UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv. For meir informasjon om UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv, sjå UNESCO sine heimesider.
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

12.09.18Bunad på UNESCOs kulturarvlister
05.06.18Norsk institutt for bunad og folkedrakt er akkreditert som NGO under UNESCO
16.04.18Feltarbeid i Hardanger