Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad. NBF er organisert ved Valdresmusea og ligg i Fagernes. NBF har eit fagråd, Bunad- og folkedraktrådet, som er oppnemnt av Kulturdepartementet.

Vårt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.

På grunnlag av feltarbeid frå heile landet har vi bygd opp eit omfattande arkiv beståande av draktregistreringar, foto, snittmønster og skisser, samt nedteikningar av tradisjonsmateriale frå ulike distrikt. Bunadbrukarar og bunadprodusentar kan få råd hjå oss om bunadbruk og påkledning, teknikkar og tilpassing. Rådgjevingsarbeidet kan også vere knytt til rekonstruksjon eller revisjon av bunader.
 
Saman med våre samarbeidspartar tilbyr vi universitetsemna Drakt og samfunn 1 og 2, den praktiske utdanninga innan bunadtilvirkerfaget Bunadopplæringa og tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken. Etter avtale kan besøkande få omvisning i vår bunadutstilling og besøke arkivet.