Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Rådgjeving


NBF arbeider for å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad gjennom rådgjeving, undervisning og utstiling. Bunadbrukarar frå heile landet kan få råd hjå oss om bunadbruk og påkledning, og bunadprodusentar om material, teknikkar og tilpassing. Rådgjevingsarbeidet kan også vere knytt til rekonstruksjonsarbeid eller revisjon av bunader.

Vi har arkiv over stoffprodusentar med stoffprøver, oversikt over ei rekkje andre leverandørar av bunadstilbehør, og vi kan formidle kontakt mellom deg som bunadsprodusent og andre relevante aktørar på feltet. Når det gjeld bunadbruk, kan vi opplyse om korleis folkedraktskikken som bunaden byggjer på var og korleis bunaden opphavleg vart utforma av dei som skapte den. Reglar for korleis bunaden skal vere i dag må bli opp til dei som har utarbeidd bunaden og dei lokale bunadnemndene.
 
Ein spesiell del av rådgjevingsarbeidet er knytt til dei som ønskjer å rekonstruere ein bunad frå folkedraktmaterialet. Det er denne type bunader NBF vurderar og gjev hjelp til å lage. Alle kan imidlertid bruke arkivet og vi gjev informasjon om bunader i alle kategoriar.
 

- Leiter du etter ein bunadtilvirkar? Søk i NHU sitt handverkaregister her.

- Er du bunadsprodusent? Registrer deg i NHU sitt register her.