Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Formidling

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) skal formidle informasjon og stille innsamla materiale til rådigheit for dei som arbeider med draktspørsmål.

Ein viktig del av formidlingsarbeidet består i å behandle henvendingar både frå enkeltpersonar og frå ulike institusjonar og organisasjonar. Spørsmåla kan f.eks. dreie seg om bunadhistorie, bunadbruk, eller material- og mønsterbruk. Andre ønskjer rådgjeving knytt til rekonstruksjon på bakgrunn av lokale folkedrakttradisjonar.

I Norsk institutt for bunad og folkedrakt sine lokal finn du både arkiv og bibliotek, og vi tek i mot besøk av enkeltpersonar og mindre grupper i dokumentasjonssenteret etter avtale. Kontakt oss på e-post eller telefon 61 36 62 50

På Valdres Folkemuseum, i same bygning som NBF har lokal, kan du sjå bunadutstillingane våre. Eit rom har ei fast utstilling som tek føre seg den norske bunadhistoria, den andre utstillinga er skiftande. Vi arrangerar omvisingar i bunadutstillinga for turistar og andre interesserte etter avtale. Send oss ein e-post eller ring oss på 61 36 62 50.

NBF har arrangert universitetsfaget Drakt og samfunn saman med NTNU. Studiet har tatt føre seg folkedrakt, folkeleg mote og bunaden i eit samfunnshistorisk perspektiv.