Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Folkedrakt

Folkedrakter er lokalt særprega klede som høyrde heime på bygdene i førindustriell tid, og som bunadene våre byggjer på.

Folkedraktskikken var stadbunden og skilde seg frå folkedraktskikkar i andre bygder, og frå den samtidige bymoten. Dei var eit produkt av det nedarva i samspel med ytre påverking og indre nyskaping.

Ein slik draktskikk hadde i seg graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede, og var nøye styrt av innarbeidde normer for korleis plagga skulle kles på og brukast, og kva plagg ein brukte til kva for anledning. Slik var draktskikken uløyseleg bunden til, og del av, bondesamfunnet. Normene var ein vital og avgjerande del av sjølve tradisjonen. Innanfor ein tradisjonell draktskikk var det likevel rom for variasjon: ”Det gjaldt å ha noko som ikkje alle andre hadde”.

Dei store politiske, økonomiske og sosiale omveltingane på 1800-talet endra det tradisjonsrike bondesamfunnet og dermed dei lokalt særprega draktskikkane. Fabrikkvove stoff, moteblad, mønsterark og symaskiner vart tilgjengjelege varer, og endra måten folk levde og kledde seg på. Levekåra endra seg i by og bygd, og smått om senn blei folkedraktene avløyste av motepåvirka klede over heile landet. Dette hende i svært ulikt tempo i dei ulike delane av landet.

I Norge har nokre få folkedrakter gått i levande tradisjon til bunad. Elles er det berre i dei samiska områda folkedraktskikken lever vidare her i landet. I tillegg har fleire nyare minoritetar teke med seg folkedrakttradisjonen sin får heimlandet.