Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Retningslinjer

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er organisert ved Valdresmusea. Verksemda er nedfelt i ein eigen avtale mellom Kulturdepartementet og museet.
Her står det at Valdresmusea skal ha ansvar for drift, forvalting og faglege arbeidsoppgåver knytt til verksemda.
Museet skal, jf. avtalen pkt.3.1,
- arbeide for å framme, verne og vidareføre bruk og framstilling av bunader og folkedrakter i Noreg, som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar
- Vidareføre og vidareutvikle arbeidet med å gje råd om og stimulere til auka forståing for tradisjonell draktskikk som grunnlag for dagens bunader
- Formidle kunnskap frå arbeidet og om fagfeltet
- Sørge for sikring, lagring, formidling, utvikling og vedlikehald av dokumentasjonssamlingane
- Vere sekretariat for det statlig oppnemnde Bunad- og folkedraktrådet
- Ha personalansvar for tilsatt personale i verksemda

Dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt har sekretærfunksjonen for Bunad- og folkedraktrådet, som inneber saksførebuing, referatskriving og administrering av rådsmøter.