Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Rekonstruksjon

Ein spesiell del av rådgjevingsarbeidet er knytt til rekonstruksjon av bunader på grunnlag av lokale folkedrakttradisjonar.
Rekonstruksjonsprosessen føregjeng i to delar, ein dokumentasjonsdel og ein rekonstruksjonsdel:


1. Etter ei henvending vurderar Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF)om det finns tilstrekkeleg med bevarte plagg og anna kjeldemateriale til at det kan vere grunnlag for å sette i gang ein rekonstruksjon. Viss ikkje, må det gjerast yttarlegare dokumentasjonsarbeid.
Deretter gjev vi ei vurdering om kva plagg som bør rekonstruerast, eventuelt korleis plagg som allereie er valt ut av brukar (den som rekonstruerar), samsvarar med kjeldematerialet. Det vi ser på her er grensene for draktområdet, utviklinga av klededraktene i området, og frå kva draktperiode ein har det beste kjeldematerialet.


2. Brukar gjer den faktiske rekonstruksjonen av bunadplagget. Om brukar ønskjer det, kan han / ho få råd om mønster, materiale og saum av oss, før dei nylaga bunadsplagga vert vurdert. For å ha mogelegheit til å vurdere kor vidt den nye bunaden er ein god kopi av ein folkedrakttype, må dei gamle originalplagga som ein har kopiert frå, foreligge. Når det er nødvendig, hentast det inn ekstern kompetanse i vurderinga. Ved fullført rekonstruksjon gjev vi ei skriftlig vurdering av arbeidet. Det er opp til bruker å gjere endringar for å få ei betre vurdering om han / ho ønskjer det.
 

Eit rekonstruksjonsprosjekt blir gjort i nært samarbeid mellom NBF og brukar. Ideelt sett bør NBF vere med i heile rekonstruksjonsprosessen, men det er ikkje eit krav.
Målet med denne rådgivinga er å formidle kunnskap om dei ulike folkedrakttradisjonane. NBF gjev råd og vurderingar berre til dei som sjølv tek kontakt.