Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Mønsterarkiv

Mønsterarkivet består av snittmønster av plagg av spesiell interesse for Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF). Mønsteravtakinga vert gjort av tilsette i NBF etter avtale med eigar. Vi vil då be om å få låne inn plagget ei periode for å gjere dette. 

I forbindelse med rekonstruksjonsarbeid er mønster av aktuelle originalplagg naudsynt. Aktuelle mønster vil bli klausulert til arbeidet med bunaden er avslutta, slik at dei ikkje kan nyttast av andre enn dei involverte. 

Andre kan også oppbevare mønstra sine hjå oss. Vi vil då inngå ein skrifteleg avtale om bruken av desse.

For spørsmål om mønsterarkivet, ta kontakt med oss på post@bunadogfolkedrakt.no.