Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Bunadopplæringa

Ny modulrekkje i Bunadopplæringa i 2013 

Ny kursrekke startar hausten 2013, med første modul i uke 43, 21. - 25. oktoberKurset er allereie fullteikna, med fleire på venteliste. Ny kursrekke vurderast i 2014 på grunn av stor interesse. Ta kontakt med Studieforbundet Kultur og Tradisjon for meir informasjon.

Kursrekkja består av seks modular, der kvar modul er eitt kurs.  Det arrangerast to modular kvart år, og du vil bruke tre år dersom du vil gjennom alle modulane på normert tid. 

Bunadopplæringa er bygd opp kring lærarplanen i bunadtilverkarfaget, og denne kursrekkja kan inngå som eit grunnlag for å gå opp som privatist i faget og kan vera ein del av eit løp til sveinebrev. Kursrekkja består av seks modular, der kvar modul er eitt kurs. Til saman vil desse kursa gje deltakarane ei brei teoretisk og praktisk innføring i bunadsfaget. Dei ulike modulane blir haldne på forskjellige stader i landet. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med tilrådd rekkjefølgje som i utgangspunktet bør følgjast. Vi anbefaler at ein tar alle modulane.

Bunadssaum byggjer til ein stor grad på gamle, tradisjonelle handverksteknikkar, som det er vårt mål å ta vare på. Bunadtilverkarfaget medverkar til dette og formidlar den tekstile handverkstradisjonen, kultur og identitet, både lokalt, regionalt, og nasjonalt. Det var likevel fyrst i 1997 at bunadtilvirkarfaget kom under lov om fagopplæring. Det er i dag få tilbod innan dette faget anten du er ungdom på vidaregåande nivå eller vaksen.

Last opp lærerplanen som PDF fil her.

Bunadopplæringa brosjyre

Tilbodet eit samarbeid mellom Noregs Husflidslag, Noregs Ungdomslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.


Det er fortløpande påmelding til:
Studieforbundet kultur og tradisjon

Epost: post@folkekultur.no  
Telefon 61 21 77 50 
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har bibliotek, med bøker om folkedrakt, bunad og motedrakt? 

Trykk her for å søke i boksamlingen!

Siste nytt

02.10.17Stipendiat i folkekunst
28.04.17Fagdagar i bunad og folkedrakt
02.04.17Instituttet reiser på studietur til Frankrike
02.11.16Bunadsdag på Hardanger Folkemuseum
18.09.16NBF på feltarbeid i Vågå
02.05.16Fagdagane 2016
29.04.16Ny konservator tilsett ved instituttet
15.04.16Symbolutstilling