Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Tidligare utstillingar

Bunadutstilling på Oslo Lufthavn

I 2006 stilte Bunad- og folkedraktrådet ut bunader i seks store glasmontre i terminalbygget på Oslo Lufthavn, Gardermoen.
 

Crowns and roses

1999 - 2002 deltok Bunad- og Folkedraktrådet i utstillingssamarbeidet "Crowns and roses - The living tradition of Norwegian national costume" med mellom anna Utenriksdepartementet. Eit tema var tilhøvet mellom impuls og tradisjon, og dei norske folkedraktene som eit produkt av mote, tradisjon, lokal utvikling og individuell smak.
 

Utstillinga var ei vandreutstilling, og i 1999 vart utstillinga vist på Royal Museum of Scotland i Edinburgh og på Discovery Museum i Newcastle som ein del av VISIONS OF NORWAY, som var Utenriksdepartementet si kultursatsing i Storbritannia.

Ei omarbeidd og utvida utstilling vart i 2001 vist i dei tre baltiske landa som ein del av kultursamarbeidsprogrammet FOKUS BALTIKUM. Til slutt blei utstillinga vist på Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen i 2001.

Bunad- og Folkedraktrådet bidrog bla. med 22 modellbunader og 14 brurekroner.