Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Utstillingar

Ei fast utstilling fortel om viktige omgrep som bunad, folkedrakt og rekonstruksjon. Her kan du bli betre kjent med nasjonalromantikken, bunadshistoria og om korleis nordmenn brukar bunad i dag. I utstillinga kan du også lese om kva NBF er, og kva vi arbeider med.


Symbol i form og bruk er ei skiftande utstilling som fortel om korleis folkekulturen i Noreg har brukt former og tegn som symbol på godt og vondt.Nokre symbol har hatt vernande krefter, medan andre skulle skremme. Nokre gjenstander hatt en ein bestemd funkjson, og har fått dekor som underbyggjer denne bruken. Mangletreet var ofte brukt som forlovelsesgåve frå mann til kvinne, og ofte har mangletrea symbol som peker mot fruktbarhet og kjærleik; hesten, sola, åkeren. Mange av desse symbola er svært gamle, og har vore bruka i mange land. Dei har gjerne noko ulik betyding i dei ulike landa, men kan likevel ha eit felles opphav, langt attende.

Hanen og kvinna ofte er knytt til fruktbarhet og giftermål, og på Voss var det til dømes tradisjon å bære ei stong med ein hane i toppen i brudeferda, som eit teikn på fruktbarheit. I norsk folkekunst finn ein ofte trekantformer, som  kan tolkast som symbol på ei kvinne. Trekanten kan ha lange "armer" som veks oppover, og forma vert til slutt som eit tre. Dette treet vert kalla livets tre, og er også eit symbol på fruktbarhet. Mannshovudet finn ein som dekor attende til bronsealder i Noreg,og har gjerne krone på hovudet. Slik kan det til dømes representere Olav den Heilage eller Jesus Kristus, konge av Davids ætt.

Utstillinga visar óg eit utdrag av den gamle draktskikken i Hallingdal, der ein får sjå drakter til ulik bruk og funksjon.
 

 

Galleri: