Hjem

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Stell av bunader

Ein bunad kan godt henge i eit vanleg klesskap, men han bør henge i ein bunadspose for vern. Ein slik bunadspose skal helst vere sydd av ubleikt og ubehandla lerret, som ein får kjøpt i dei fleste husflidsutsal. Ein kan også godt bruke eit gammalt utvaska dynevar som pose, og til skjorta kan ein bruke eit gamalt putevar.
Bunaden bør henge på ein godt polstra kleshengjar, slik at vekta blir jamt fordelt. Det beste er likevel å feste stroppar på innsida av livet, vrengje bunaden med livet ned i stakken, og hengje stroppane på kleshengjaren. På denne måten belastar du ikkje stoffet i livet.
Bunaden skal ikkje vaskast, verken stoff av ull eller silke toler vask særleg godt. Helst bør bunaden reinsast på eit kvalifisert reinseri. Dersom du får ein liten flekk på stakken, er det enklaste å dyppe ein rein klut i lunka vatn, og vaske flekken forsiktig bort.

Stell av bunadsskjorter
• Skjorter med broderi vil halde seg fine lenger dersom ein vaskar dei for hand. Bomullsskjorter utan broderi toler maskinvask. Både bomull- og linskjorter kan vaskast på opptil 60 grader.
• Bunadsskjortene bør alltid vaskast rett etter bruk slik at eventuelle flekkar ikkje tørkar for mykje inn.
• Bunadsskjorter bør ikkje strykast lenge før bruk. Strokne skjorter har lett for å gulne.
• Skjorter som har byrja å gulne, bør ein fyrst vaske for å sjå om gulninga går bort. Dersom dette ikkje hjelp, kan ein hengje dei ut i sollys eller leggje dei på snøen i sola for bleiking. Dei må ikkje bleikjast lenge eller ofte, fordi sollyset svekkjer fibrane.

Stell av sylv
Pussing av bunadssylv bør gjerast med pusseklut eller pussehanske som ein kan kjøpe i gullsmedforretningar. Flytande sylvreins av ulike typar er ikkje å anbefale. Desse produkta kan vere så sterkt reinsande at gammalt bunadssylv, oksidert eller forgylt sylv kan bli skadd. Ein enkel måte å reinse sylvet på er å vaske det i lunka zalovatn tilsett noko salmiakk. Det er også lurt å tørke over sølvet like etter bruk med ein klut fukta med zalovatn. Ein tek då bort feitthaldige fingermerke før dei festar seg.

Sylv held seg lengst fint i tett plastpose. Eit unntak frå denne regelen er sylvbelte som har stølane festa til lêr. Lêr inneheld garvesyre, og ved å la beltet liggje i tett plastpose kan syra misfarge sylvet. Sylv som skal oppbevarast i bankboks, bør liggje i plastpose. Grunnen er at metallet i bankboksane også kan misfarge sylvet. Har bunadssylvet fått flekker som er vanskelege å få bort, bør ein kontakte sylvsmed for råd.