Bunadbruk på UNESCO-lista

Blir 2020 året du let bunaden henge i skapet – eller blir det ekstra viktig for deg i år å feste sølja og knyte hoseband? Det vil vi gjerne høyre om og sjå bilde av!

Som ein del av å fremme prosjektet Bunadbruk i Norge – populært, men trua, køyrer vi ein kalender fram mot 17. mai. Inspirert av korleis adventskalenderen teller ned, er samlande og skapar forventning, vil vi gjerne markere og gjera synleg ei feiring som vil bli annleis for mange i år. Målet er å inspirere, bevisstgjere – og mest av alt: oppmode folk til å dele eigne bilete og historier frå 17. mai, med emneknaggane #bunadbruktilunesco og #bunadenmin.

Kalenderen er tenkt slik:

Fredag 1. mai køyrer vi i gong. Fram til den 17. mai deler vi fine og morosame historier, tips og råd om kjøp, stell og vedlikehald av bunad. Vi ser på linken mellom bunad og berekraft, kvifor bunadbruken i Norge er så unik, Rødlista, samt lokale bunadstradisjonar og -handverk. For dei som ikkje har bunad (eller berre ønskjer å pynte seg litt ekstra i år) – delar vi oppskrifter på fine 17. mai-band og sløyfer frå Ung Husflid. Etter den 17. gjer vi oss nokre refleksjonar rundt den store, i år litt uvanlige, dagen. Mykje å gle seg til, med andre ord  :–)

Har du lyst til å vere med å dele bunadgleden? Hipp hurra!

Del bilete og historier

→ Bruk emneknaggane #bunadbruktilunesco og #bunadenmin

→ Tag profilane Bunadbruk på UNESCO-lista (FB) og Bunadbruk (IG)

→ Samle historiene dine for ettertida på minner.no/tema/bunad. Her kan alle som vil delta med forteljingar, fotografi og film som blir lagra for framtida i ein felles minnebank.

Følg oss

Bunadbruk på UNESCO-lista på Facebook

Bunadbruk på Instagram

→ Nettsida til prosjektet: Bunadbruk.no 

  • Foto: Anne Marte Før
    1/1
    Foto: Anne Marte Før