Hopp til hovedinnhold

Fotoarkiv

På bakgrunn av feltarbeid gjennom fleire tiår har Norsk institutt for bunad og folkedrakt etablert eit fotoarkiv med meir enn 350 000 dokumentasjonsfoto.

Fotoa syner enkeltplagg som er registrerte på feltarbeid. Det kan mellom anna vere liv, trøyer, stakk, bukser, hovudplagg, belte, vesker, sko, støvlar og så vidare. Desse fotoa er i dag av så god kvalitet at dei fint kan brukast i formidlingsarbeid, i foredrag, i bøker og artiklar, og i utstillingar.

Heile fotosamlinga til instituttet er digitalisert og tilgjengeleg for publikum dersom ein tek kontakt. Om ein ynskjer å bruke eit foto til ein publikasjon eller anna, ta kontakt for pris.

  • Sølje med heng og grønn stein fra Sør-Østerdalen.
    1/1
    Sølje frå Sør-Østerdalen. Foto: NBF.
Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1