Formidling

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) skal formidle informasjon og stille innsamla materiale til rådigheit for dei som arbeider med draktspørsmål.

Ein viktig del av formidlingsarbeidet består i å behandle spørsmål både frå enkeltpersonar og frå ulike institusjonar og organisasjonar. Spørsmåla kan for eksempel dreie seg om bunadhistorie, bunadbruk, eller material- og mønsterbruk. Andre ynskjer rådgjeving knytt til rekonstruksjon på bakgrunn av lokale folkedrakttradisjonar.

I lokala til Norsk institutt for bunad og folkedrakt  finn du både arkiv og bibliotek, og vi tek imot enkeltpersonar og mindre grupper i dokumentasjonssenteret etter avtale. Kontakt oss på e-post eller telefon 61 36 62 50.

På Valdres Folkemuseum, i same bygning som NBF har lokale, kan du sjå bunadutstillinga vår når ho opnar i 2020. I utstillingsarealet har NBF og Valdres Folkemuseum eitt rom kvar til faste utstillingar. Båe desse opnar i 2020, og dessutan har vi eit rom på deling til skiftande utstilling. Her står no utstillinga «Fargerike felleskap – kvitt raseri: Nasjonale manifestasjonar 1945–2018», som vi har laga i samarbeid med Valdes Folkemuseum. Vi arrangerer omvisingar i utstillinga for turistar og andre interesserte etter avtale. Send oss ein e-post eller ring oss på 61 36 62 50.

  • Liv frå Midthordland. Foto NBF
    1/1
    Liv frå Midthordland. Foto NBF