Forsking

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) har sidan opprettinga i 1947 gjort omfattande undersøkingar i den folkelige draktskikken i Noreg. På grunnlag av dette har NBF gjeve ut fleire rapportar. Staben har også publisert vitskaplege og populærvitskaplege artiklar.

Kvart tredje år arrangerast det Nordisk draktseminar. I etterkant av seminaret blir det utgjeven ein rapport med artiklar av foredragshaldarane.

Norsk institutt for bunad og folkedrakt dreiv tidlegare universitetsfaget Drakt og samfunn. Faget søka å auke den analytiske kunnskapen om drakttradisjonar i Noreg, og var eit særemne innan den kulturhistoriske og kulturteoretiske fagkrinsen. Vi håpar å få oppretta faget igjen i løpet av næraste framtid.

Norsk institutt for bunad og folkedrakt tok i desember 2008 initiativ til Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil. Nettverket har som mål å skape nye møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking, samt å utvikle samarbeid og god ressursutnytting.

  • Foto Anne Marit Noraker
    1/1
    Foto Anne Marit Noraker