Hopp til hovedinnhold

Nomenklatur for drakt

Datasettet er opphavleg bygd på Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) sin nomenklatur for registrering av draktmateriale. Ordlista til Norsk institutt for bunad og folkedrakt er utvikla gjennom registreringar av klesplagg i privat og offentleg eige i Noreg frå 1970.

Lista er komplettert med ord frå ordlista «Betegnelser for bekledningstekstiler», eit prosjekt utført av Sverresborg Trøndelag folkemuseum og Hedmarksmuseet Domkirkeodden i 2010. 

Nomenklaturen er utvikla i samarbeid med nettverk for drakt og tekstil i dei norske musea og støtta av Norsk Kulturråd. Referansegruppe har vore Anne Grete Sandstad, Musea i Sør-Trøndelag/ Sverresborg Trøndelag folkemuseum, Kari Anne Pedersen, Norsk folkemuseum, Anne-Mari Hannisdal, Museumssenteret i Hordaland/Osterøy museum, og Helga Reidun Bergebakken Nesset, Anno museum/Musea i Nord-Østerdalen.
Språkkonsulent og omsetjar har vore Aud Søyland.

Datasettet ligg på kulturnav.org, der de og kan lese meir om arbeidet.

  • Skjermdump fra KulturNav, som viser utsnitt av nomenklatur for drakt
    1/1
Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 2