Hopp til hovedinnhold

Skakke folkedrakter

Tradisjonsrike plagg og tilbehøyr kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle, men også av utanforskap. Kva kjensler vekker dei i deg?

I alle kulturar har drakt og utsmykking blitt bruka til å markere identitet og tilhøyrsle. Skakke folkedrakter er ei vandreutstilling, der seks samtidskunstnarer er invitert til å både utforske og utfordre draktskikkar, håndverkstradisjonar og identitet. Dei har gjennom dialog med håndverkarar og tradisjonsberarar skapt sine eigne uttrykk, i mellom anna fotografi, vev, porselen og dans. 

Resultatet er ei utstilling om drakt, der draktene først og fremst er symbol og idear om mellom anna sjølvforståing og vår relasjon til andre. 

Første visningsstad er Valdres Folkemuseum, før utstillinga skal reise til 7 andre stader i Noreg og Sápmi. Opninga er 17. juni og blir ståande til 17. september. 

Kunstnarar i prosjektet er Harald Beharie, Lin Wang, Christian Blandhoel, Rafiki, Márjá Karlsen og Håvard Kranstad.

  • 1/1
    Foto: Nasjonalmuseet
Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 1