Hopp til hovedinnhold

Bunad generelt

I snart 150 år har nordmenn brukt bunad i ulike høve og til ulike formål. Den allmenne og folkelege bruken av bunad i Noreg er eineståande i europeisk samanheng. Medan ein i andre land fyrst og fremst brukar nasjonaldrakt i samband med folkedans, er bunad i Noreg eit festplagg som blir brukt av folk flest, unge og gamle. I dag er bunadbruken meir populær enn nokosinne, og det finst rundt 450 drakter og plagg som går under namnet bunad, ei samling som er svært rik og mangfaldig.

Haldningar til korleis og i kva grad bunadene skulle halde seg til dei gamle folkedraktene, har vore i stadig endring. Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har:

1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling. Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etter kvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.

2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Trass i at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange i store drag korleis ho hadde vore. Til dels laga ein nye plagg etter dette, og til dels brukte ein gamle plagg.

3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype. Desse bunadane er rekonstruerte frå ei folkedrakt etter at ho var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, t.d. skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.

4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.

5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte. Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.

  • Mann i bunad utendørs
    1/1
    Mannsbunad frå Østfold. Foto Laila Durán
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1