Hopp til hovedinnhold

Folkedrakt

Folkedrakter er lokalt særprega klede som høyrde heime på bygdene i førindustriell tid, og som bunadene våre byggjer på.

Folkedraktskikken var stadbunden og skilde seg frå folkedraktskikkar i andre bygder, og frå den samtidige bymoten. Dei var eit produkt av det nedarva i samspel med ytre påverknad og indre nyskaping.

Ein slik draktskikk hadde i seg graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede, og var nøye styrt av innarbeidde normer for korleis ein skulle kle på seg plagga og bruke dei, og kva plagg ein brukte til kva for anledning. Slik var draktskikken uløyseleg bunden til, og del av, bondesamfunnet. Normene var ein vital og avgjerande del av sjølve tradisjonen. Innanfor ein tradisjonell draktskikk var det likevel rom for variasjon: «Det gjaldt å ha noko som ikkje alle andre hadde.»

Dei store politiske, økonomiske og sosiale omveltingane på 1800-talet endra det tradisjonsrike bondesamfunnet og dermed dei lokalt særprega draktskikkane. Fabrikkvove stoff, moteblad, mønsterark og symaskiner vart tilgjengelege varer, og endra måten folk levde og kledde seg på. Levekåra endra seg i by og bygd, og smått om senn blei folkedraktene avløyste av motepåverka klede over heile landet. Dette hende i svært ulikt tempo i dei ulike delane av landet.

I Noreg har nokre få folkedrakter gått i levande tradisjon til bunad. Elles er det berre i dei samiske områda folkedraktskikken lever vidare her i landet. I tillegg har fleire minoritetar som er nye her i landet, teke med seg folkedrakttradisjonen sin frå heimlandet.

Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1