Dokumentasjon

Norsk institutt for bunad og folkedrakt forvalter arkiv med draktregistreringar og anna dokumentasjon knytt til folkedrakt og bunad. På grunnlag av feltarbeid der vi registrerar plagg i privat og museumseige, har vi bygd opp eit omfattande arkiv. Folkedrakttradisjonane står i fokus i dokumentasjonsarbeidet, men det er også viktig for oss å dokumentere bunadhistoria.

  • Brudekrone frå Sør-Østerdalen. Foto NBF
    Brudekrone frå Sør-Østerdalen. Foto NBF


Norsk institutt for bunad og folkedrakt forvaltar arkiv med draktregistreringar og anna dokumentasjon knytt til folkedrakt og bunad. På grunnlag av feltarbeid der vi registrerar plagg i privat eige, har vi bygd opp eit omfattande arkiv. Folkedrakttradisjonane står i fokus i dokumentasjonsarbeidet, men det er også viktig for oss å dokumentere bunadhistoria.

Draktregistreringane utgjer den største delen av arkivet. Ein del av det registrerte materialet er i museumseige, men størstedelen er i privat eige. Draktforsking i internasjonal samanheng har stort sett vore basert på museumstilfang, så eit slikt arkiv er unikt for Noreg.

Arkivet vårt omfattar også foto, kjelder, stoffprøver, mønster- og saumforklaringsarkiv, arkiv etter privatpersonar og korrespondansearkiv. Vi har også ei stor samling av modellbunader.

Alt materialet er samla i vårt dokumentasjonssenter. Bruk av samlingane er gratis. Ønskjer du kopi av noko, kan det fåast mot vederlag. Vi inngår då ein skrifteleg avtale om bruk av materialet. Hovudregelen er at alt materiale er tilgjengeleg for publikum, men etter avtale med eigar kan enkelte ting klausulerast. I dag er også samlingane digitalisera, slik at dei er lettare tilgjengeleg for deg som brukar.

Instituttet tek også i mot materiale frå andre, det vere seg registreringar, mønster eller gamle bunader. Om du ønskjer å gje/oppbevare noko hjå NBF, ta kontakt.