Retningslinjer for Bunad- og folkedraktrådet
Fastsette av Kulturdepartementet 12. juni 2012.
§ 1 Formål
Bunad- og folkedraktrådet (heretter Rådet) skal fremje, verne og vidareføre bruk og tilverking av bunader og folkedrakter i Noreg, som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar.
Kulturarv er ingen eksakt og uomskifteleg storleik. Alle kulturuttrykk utviklar seg i samspel mellom tradisjon og nye impulsar. Noreg er prega av eit stort mangfald som gjev oss ein dynamisk og levande kultur. I dette mangfaldet krev det kunnskap og innsikt for å leggje til rette for utvikling av dei tradisjonelle kulturuttrykka vi ønskjer å verne, slik at dei kan leve vidare i eit dynamisk og meiningsfylt samspel med notidas menneske.
§ 2 Status
Rådet vert oppnemnt av Kulturdepartementet og er ein rådgjevande instans for arbeidet ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt (heretter Instituttet) og for Kulturdepartementet.
Instituttet er ein del av Valdresmusea gjennom avtale mellom Kulturdepartementet og Valdresmusea, gjeldande frå 1. januar 2008.
§ 3 Organisasjon
Rådet skal ha fem medlemer og to varamedlemer. Departementet peikar ut ein av rådsmedlemene til leiar. Medlemer og varamedlemer skal ha ei funksjonstid på fire år. Ingen rådsmedlemer kan ha samanhengande funksjonstid på meir enn åtte år. Annakvart år blir halvparten av Rådet oppnemnd: ein varamedlem og annankvar gong to og tre rådsmedlemer. Rådet er vedtaksført når minst tre medlemer møter.
Instituttet fungerer som sekretariat for Rådet og deltek i alle møte. Møtereferat skal sendast rådsmedlemer og varamedlemer. Godtgjersle til rådsmedlemene blir fastsett av Valdresmusea og skal stå i rimeleg forhold til arbeidet som følgjer med vervet. Ved ny oppnemning sit rådsmedlemene til nye er oppnemnde.
§ 4 Oppgåvene til Bunad- og folkedraktrådet
Rådet skal sjå til at arbeidet med å ta vare på det kulturuttrykket bunader og folkedrakter representerer, blir fremja på best mogleg måte i heile landet. Rådet skal i verksemda si leggje hovudvekt på følgjande oppgåver:
• Tilretteleggje for innsamling, dokumentasjon, rekonstruksjon, forsking, bevaring og formidling innanfor det bunad- og folkedraktfaglege området
• Bidra til å auke medvit om, interesse og forståing for bunad og folkedrakt som kulturuttrykk
• Bidra til å auke kunnskap om tilverking og bruk av tradisjonelle norske bunader og folkedrakter
• Søkje å leggje til rette for utvikling og revitalisering innanfor det bunad- og folkedraktfaglege området
• Stimulere til utvikling av fleirkulturelle møteplassar
Rådet skal fungere som fagleg råd og støtte for Instituttet i deira forvaltning av det bunad- og folkedraktfaglege arbeidet. Rådet skal:
• vurdere måloppnåinga og kommentere årsrapporten frå Instituttet
• bidra i utarbeiding av planar og budsjett for Instituttet, i samråd med Valdresmusea
• uttale seg ved tilsetjing av instituttleiar og delta i prosessen i samråd med Valdresmusea
Rådet skal gje råd til departementet ved å:
• kommentere årsrapporten frå Instituttet og gje ei samla vurdering av arbeidet og måloppnåinga både i Instituttet og Rådet
• kommentere den delen av den årlege budsjettsøknaden frå Valdresmusea som gjeld arbeidet ved Instituttet
Rådet skal ta initiativ til offentleg debatt og uttale seg offentleg i spørsmål om bunader og folkedrakter.
§ 5 Endringar i retningslinene
Kulturdepartementet kan endre retningslinene. Valdresmusea skal konsulterast i samband med framlegg om endringar.
Bunad- og folkedraktrådet er oppnemnt av Kulturdepartementet. Fagrådet har fem faste medlemer og to varamedlemer som vert oppnemnde av departementet for fire år om gongen. Fagrådet for inneverande periode er:
Rådsleiar: Gry Grindbakken Filigransylvsmed
Inger Lise Brøto Torland Dagleg leiar Vest-Agder husflid
Thomas Walle Seniorrådgjevar, Musea i Sogn og Fjordane
Joar Vaagø Bunadtilverkar
Maria Björkroth Museumskonservator drakt og tekstil
Per Åge Sivertsen (Vara) Designer og rektor på SoFI
Káren Elle Gaup (Vara) Folklorist og museumskonservator