Det er få andre land i verda som har ein så brei tradisjon for bruk av nasjonaldrakter som Noreg har. Om lag 70 prosent av alle norske kvinner har bunad, og omtrent 20 prosent av alle menn har bunad. Vi brukar bunaden uavhengig av alder, kjønn, bustad og sosial status. I tillegg til 17. mai brukar vi bunaden i feiringar i familien: dåp, konfirmasjon, bryllaup og jubileum.
Bunadbruken er derfor tett knytt til den kulturelle identiteten vår og står sentralt i kulturarven. Denne tilknytinga er særleg sterk fordi mange bunader går i arv, eller er sydde av nokon i familien. Den levande bunadstradisjonen i Noreg er sterk, men han er også trua ved at handverkskunnskapen gradvis vert mindre.
Vi ynskjer derfor å setje eit nasjonalt og internasjonalt søkjelys på bunadstradisjonen. Innskrivinga av bunadbruken i Noreg på UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv, viser at den levande bunadstradisjon er verdifull og verd å vidareføre.
Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon sto saman bak nominasjonen av norsk bunadbruk til UNESCO, for å auke kunnskapen blant folk flest om verdien av tradisjonelt handverk. Vi ynskjer å bidra til auka kunnskap om vår felles bunadbruk, og setje søkjelys på kva som trengst for at kulturarven kan førast vidare til nye generasjonar. Vi skal bevisstgjere både myndigheitene, handverkarar og folk flest om kva for verdifull kulturell praksis bunadene representerer. Innskrivinga av bunadbruk i Noreg på denne lista vil kunne sikre merksemd kring bunaden som verdifull immateriell kulturarv.
Arbeidet vart i 2018 støtta med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB. Desse midlane gjekk til arbeid med kurs og formidling av bunadhandverket til barn og unge over heile landet. I tillegg til dette arbeidet inviterete samarbeidspartane til ei rekkje regionale møte i 2020, der alle som ville, kunne kome med innspel til nominasjonssøknaden.
Søknaden vart sendt til UNESCO tidleg i 2023. Om den allmenne norske bunadbruken vart innskriven på UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv 5. desember 2024.
- 1/1