Hopp til hovedinnhold

Feltarbeid

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) driv eit kontinuerleg arbeid med registrering av folkedrakt- og bunadplagg i privat eige over heile landet.

Registreringane er eit viktig grunnlag for formidlings- og rådgjevingsarbeidet som vert drive. Registreringsarkivet omfattar ca. 81 000 registrerte draktdelar frå heile landet.

Ei registrering kan kome etter spørsmål frå NBF eller etter initiativ frå lokalmiljøa. Mange av registreringane har vore sette i gang i samband med rekonstruksjonsarbeid, men registreringar kan også kome i stand som rein kulturhistorisk dokumentasjon.

Plagga treng ikkje vere i topp stand for at dei skal vere interessante. Til registrering tek ein med alle slag folkedraktmateriale, både heile drakter, einskilde plagg, delar av plagg, og sylv og skotøy. Vi er spesielt interesserte i materiale frå før 1900.

I feltarbeidet vårt er vi avhengige av lokale samarbeidspartar, til dømes bygdekvinnelag eller husflidslag. Desse står for innlån og tilbakelevering av plagg, og fyller ut registreringsskjema frå NBF med opplysningar eigarane måtte ha om plagga. Registreringa av sjølve gjenstandane vert utført av tilsette ved NBF.

Kvar gjenstand vert fotografert, og materiale, farge, teknikk og snitt blir beskrive. Dette blir lagt inn i Primus, eit elektronisk system for samlingsforvalting, for registrering, administrasjon og presentasjon av gjenstandssamlingar. Slik bevarer vi både kunnskap om plagga og historia deira, og det kan leggast til rette for digital formidling på Digitalt museum.

Om du eller nokan du kjenner eig gjenstandar du trur vi kan vere interessert i å registrere, ta kontakt med samlingsansvarleg Ragni Engstrøm Nilsen på ragni.nilsen@bunadogfolkedrakt.no

  • Tre kvinner utendørs som ser på en pels
    1/1
    Foto NBF
Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1