- 1/1
Frå feltarbeid i Vesterålen i 2011. Foto: NBF.
Draktregistreringane utgjer den største delen av arkivet vårt. Ein del av det registrerte materialet er i museumseige, men størstedelen er i privat eige. Draktforsking i internasjonal samanheng har stort sett vore basert på museumstilfang, så eit slikt arkiv er unikt for Noreg.
Arkivet vårt omfattar også foto, kjelder, stoffprøver, mønster- og saumforklaringsarkiv, arkiv etter privatpersonar og korrespondansearkiv. I tillegg har vi ei stor samling av modellbunader.
Alt materialet er samla i dokumentasjonssenteret vårt. Bruk av samlingane er gratis. Ynskjer du kopi av noko, kan du få det mot eit vederlag. Vi inngår då ein skriftleg avtale om bruk av materialet. Hovudregelen er at alt materiale er tilgjengeleg for publikum, men etter avtale med eigar kan enkelte ting klausulerast. I dag er samlingane også digitaliserte, slik at dei er lettare tilgjengelege for deg som brukar.