Hopp til hovedinnhold

Utstilling

«Rotasjon» er namnet på eit utstillingsarbeid som har pågått ved Valdresmusea sidan 2017. «Rotasjon» rommar tre utstillingar: ei temporær utstilling, ei utstilling av drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og ei utstilling med gjenstandar frå samlingane til Valdres Folkemuseum. Rotasjon er designa av arkitektkontoret Snøhetta.

Fyrstedamer i bunad er Norsk institutt for bunad og folkedrakt si utstilling. Utstillinga er ein hyllest til dei norske draktpionerane – dei som dokumenterte den gamle draktskikken, og som skapte den nye, moderne bunaden. Utstillinga syner gjenstandar frå dette arbeidet og eit utval bunader frå eit tidsrom på 150 år. 

Folkekunsten: Her kan du sjå gjenstandar frå den rike samlinga til Valdres Folkemuseum og noko innlån frå andre institusjonar og private eigarar. Utstillinga viser korleis lokal kultur står i spennet mellom det heimlege og impulsane utanfrå. I sentrum finn vi handverkaren – han som roterer rundt sin eigen tradisjon – og som leikent sveiper med seg det han finn på vegen. 

Nasjonalisme: Kommentarutstillinga «Fargerike fellesskap - kvitt raseri» opna i 2018. 

De kjem til dei digitale utstillingane ved å trykke på bileta under.

Dei fysiske utstillingane er opne i Valdres Folkemuseum si opningstid. Oktober - april er Valdres Folkemuseum er ope 11.00-15.00 onsdag-fredag og 11.00-16.00 laurdag og sundag. Det er òg mogleg å book omvising for grupper på info@valdres.museum.no eller (+47) 61 35 99 00. 

Sjå kva media seier om utstillinga

Omtale av Rotasjon og Fyrstedamer i bunad i media. Tykk på lenke for å sjå klipp/lese artikkel.

Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1