Hopp til hovedinnhold

Forskingsarbeid ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) har sidan opprettinga i 1947 gjort omfattande undersøkingar av den folkelege draktskikken i Noreg. På grunnlag av dette har NBF gjeve ut fleire rapportar. Staben har også publisert vitskaplege og populærvitskaplege artiklar. I dag forskar tilsette ved NBF både på bunad og folkedrakt som historiske fenomen, og på bunaden i vår eiga tid. 

Kvart tredje år blir det arrangert Nordisk draktseminar. I etterkant av seminaret blir det gjeve ut ein rapport med artiklar av foredragshaldarane.

Norsk institutt for bunad og folkedrakt tok i desember 2008 initiativ til Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil. Nettverket har som mål å skape nye møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking, og å utvikle samarbeid og god ressursutnytting.

  • Sittende kvinner i drakter fra Norden
    1/1
    Foto Anne Marit Noraker
Museum24:Portal - 2024.05.16
Grunnstilsett-versjon: 1