Hopp til hovedinnhold

Historikk

Forgjengaren til Norsk institutt for bunad og folkedrakt kom i 1947, då Statens bunadsnemnd vart oppretta for å rettleie interesserte frå heile landet i spørsmål om bunader. Nemnda høyrde inn under Heimeyrkekontoret i Landbruksdepartementet.

I 1950 vedtok eit stort bunadmøte i Trondheim at Statens bunadsnemnd skulle ha godkjenningsrett når det gjaldt bunader. Nemnda har aldri hatt mandat til å påby eller forby noko, ho skulle berre vere eit rådgjevande organ. Ein gjekk derfor raskt bort frå nemninga «godkjend», og brukte heller «tilrådd».

Då Heimeyrkekontoret vart nedlagt i 1955, vart administrasjonen overført til Kontoret for kunst og kultur, og namnet endra til Landsnemnda for bunadspørsmål. Medlemmane vart no oppnemnde av Landbruksdepartementet. Nemnda skulle motarbeide utgliding der folkedrakttradisjonen var i live, gje råd om rekonstruksjon der folkedraktene heldt på å døy ut, og ta standpunkt til framlegg om nyskapte bunader der tradisjonen var heilt borte.

I 1967 vart nemnda heilt omorganisert, fekk eige sekretariat og nye statuttar. Det vart bestemt at medlemmane skulle representere kulturhistorisk forsking generelt, folkedraktforsking spesielt, og ha ekspertise på området tekstil og saum. Etter dei nye retningslinene skulle bunadene vere i samsvar med lokal folkedrakttradisjon, og nemnda skulle berre gje råd ut frå historisk kunnskap om folkedraktene.

På 1980-talet gjekk nemnda bort frå å bruke nemninga «tilrådd»/«ikkje tilrådd», og gav heller ei fråsegn til dei som ville ha bunaden vurdert.

I 1986 vart namnet omgjort frå Landsnemnda for bunadspørsmål til Bunad- og folkedraktrådet. Same år vart sekretariatet flytta frå Oslo til Fagernes.

I 2008 vart Bunad- og folkedraktrådet konsolidert med Valdresmusea AS. Det vart inngått ein avtale mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Valdresmusea som slår fast at dei landsomfattande oppgåvene skal vidareførast, og at ordninga med eit fagleg råd oppnemnt av departementet skal førast vidare.

Formålet til Bunad- og folkedraktrådet vart utvida i 2008. Medan det tidlegare gjekk ut på å verne om folkedrakttradisjonar og bunadbruk, og at lokalt særprega draktskikk skulle vere grunnlaget for all hjelp og rådgjeving, heiter det no at rådet skal «fremme, verne og vidareføre bruk og tilverking av bunader og folkedrakter i Noreg som eit uttrykk for kulturell identitet» (§ 2). Fagrådet vart derfor sett saman av personar med ein breiare kompetanse på kulturfeltet enn det som var tilfellet tidlegare. Fagrådet og instituttleiaren møtest jamleg i rådsmøte for å drøfte det faglege arbeidet ved seksjonen.

I 2010 fekk verksemda ved Valdresmusea namnet Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Det statleg oppnemnde rådet beheldt namnet Bunad- og folkedraktrådet.

  • Grønt liv i silkebrokade med rosa silkebÃ¥nd og metallbÃ¥nd fra Kvinnherad.
    1/1
    Liv frå Kvinnherad. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/NBF.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1