Hopp til hovedinnhold

Ledig stilling

  • Nærbilde av hender som arbeider med perler
    1/1
    Foto: Anne Marit Noraker

Ledig vikarstilling: Tekstilhandverkar


Norsk institutt for bunad og folkedrakt har ledig stilling som vikar for tekstilhandverkar i 100 % frå 1. april og ut året 2026.

Arbeidsområde

Stillinga har som oppgåve å være rådgjevar for bunadtilverkarar, studentar og andre innan drakthistoriske emne, rekonstruksjon og praktisk bunadtilverking. Arbeidet omfattar praktisk rettleiing og undervisning på kurs. Det er venta at vedkommande kan arbeide med analyse, registrering og måltaking av plagg, både på feltarbeid og på instituttet. I tillegg skal vedkommande ha oppsyn med mønsterarkiv og stoffprøvearkiv, og forvalte tilveksten til desse.

NBF sitt arkiv består mellom anna av 86 000 registreringar av plagg frå alle delar av landet. Desse blir i dag forvalta i Primus, som er musea sitt digitale verktøy for samlingsforvaltning. For å kunne utøve stillinga er det avgjerande å kunne arbeide noko i Primus, eventuelt etter opplæring.

I tillegg til desse oppgåvene, er det forventa at vedkommande deltek i eksterne samarbeid og ulike formidlingsopplegg.

Kvalifikasjonar

  • ·    Stillinga krevjar relevant yrkesfagleg utdanning innan bunadtilverkarfaget, kjole- og draktsyarfaget eller skreddarfaget. Kunnskap om og erfaring med tradisjonelle handverksteknikkar er avgjerande.
  • ·    Høgare utdanning innan kulturhistorie, drakthistorie eller tekstile handverksfag er eit ekstra pluss.
  • ·    Erfaring med bruk av data og digital fotobehandling er ynskjeleg, og gjerne kjennskap til registreringsverktøyet Primus.

Eigenskapar

  • ·    Gode evner til praktisk undervisning og rettleiing.
  • ·    Evne til presentasjon og formidling i forsamlingar, møte og konferansar, i  Noreg og i utlandet.
  • ·    Må kunne delta på 3—6 veker med feltarbeid, ofte med lange arbeidsdagar.
  • ·    Gode samarbeidsevner og gjennomføringskraft.
  • ·    God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

 

  • ·    Anledning til fagleg og personleg utvikling
  • ·    Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • ·    Fleksibel arbeidstid
  • ·    Godt arbeidsmiljø
  • ·    Medlemskap i pensjonsordningane i KLP
  • ·    Lønnes som førstekonsulent, stillingskode 1408, etter «Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner» etter kvalifikasjoner og erfaring. 

Søknadsfrist: 09. januar 2026

Søk her:  https://www.finn.no/job/ad/441324400

Kontaktperson:

Camilla Rossing

Leiar

Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt

Tlf 61 36 62 53 / 920 23 916

E-post: camilla.rossing@bunadogfolkedrakt.no