Hopp til hovedinnhold

Mønsterarkiv

Mønsterarkivet inneheld snittmønster av plagg av særskild interesse for Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF). Mønsteravtakinga vert utført av tilsette i NBF etter avtale med eigar. Vi vil då be om å få låne inn plagget ein periode for å gjere dette. Mønstera blir teikna av for dokumentasjon, og kan nyttast i samband med rekonstruksjon.

Andre kan også oppbevare mønstera sine hjå oss. Vi vil då inngå ein skriftleg avtale om bruken av desse.

  • Lilla vest fra øvre Hallingdal.
    1/1
    Vest frå Øvre Hallingdal. Foto: NBF.
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2