Hopp til hovedinnhold

Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har sidan 2008 vore ansvarlig for nasjonalt nettverk for drakt og tekstil.

Formålet til nettverket er å styrke drakt- og tekstilfeltet i musea, gjennom å skape møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking, utvikle samarbeid og arbeidsdeling, sikre fagleg samanheng og god ressursutnytting.

Målgruppe

Nettverket er eit museumsnettverk, og er berre ope for museum med drakt- og tekstilsamlingar. Nettverket er diverre ikkje ope for enkeltpersonar, men museum som ønsker medlemskap kan kontakte Norsk institutt for bunad og folkedrakt på post@bunadogfolkedrakt.no

Rammer for nettverket

Det er musea som er medlemmer, og som sender dei relevante tilsette til nettverksmøta. Kven institusjonen sender, kan variere frå møte til møte. Det kan vere ein eller to deltakarar frå kvart museum.

Nettverket kan velje å halde enkelte opne konferansar, der alle interesserte kan kome, for å kunne spreie kunnskap til eit breiare publikum. NBF organiserer dei årlege samlingane, skriv referat, administrerer e-postlister og driv nettstaden for nettverket.

  • Strikkede blå håndleddsplagg med mangefarget broderi fra Setesdal.
    1/1
    Handleddsplagg frå Setesdal. Foto: NBF.
Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1