Vårt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.
På grunnlag av feltarbeid frå heile landet har vi bygd opp eit omfattande arkiv som inneheld draktregistreringar, foto, snittmønster og skisser, og dessutan nedteikningar av tradisjonsmateriale frå ulike distrikt. Bunadbrukarar og -tilverkarar kan få råd hjå oss om bunadbruk og påkledning, saumteknikkar og tilpassing. Rådgjevingsarbeidet kan også vere knytt til rekonstruksjon eller revisjon av bunader.
Saman med samarbeidspartane våre tilbyr vi den praktiske utdanninga innan bunadtilverkerfaget, Bunadopplæringa. Etter avtale kan besøkande få omvising i Fyrstedamer i bunad, den nye bunadutstillinga vår, som opna i 2021, og besøke arkivet.