Hopp til hovedinnhold

Ofte stilte spørsmål

Kva slags bunad skal eg velje?

Vi råder deg til å setje deg godt inn i kva bunader som finst i dei områda du føler tilknyting til. Dette kan vere det området du er oppvaksen i, eller plassar du har slektningar frå. Du kan også velje bunad frå den staden du har flytta til. Det er ikkje forbode å velje noko anna, men du må vere førebudd på at folk forventar at du har tilknyting til den plassen bunaden din er frå.

Der eg kjem frå, er det fleire bunader i bruk. Kva for ein er den mest riktige?

Nokre bunader frå same område byggjer på ulikt draktmateriale, og ser derfor ikkje like ut. I tillegg har dei ulike bunadsprodusentane ofte halde seg i varierande grad til den gamle folkedraktskikken i området. Nokre bunader ligg svært nær det gamle draktmaterialet, medan nokre kan hende har late seg inspirere av andre objekt også, til dømes lokal flora eller ei rosemåla kiste. Kva som er riktig for deg, kjem an på om du er oppteken av å ha ein bunad som ser ut som folkedraktene, om du vil ha ein som har vore i bruk i lang tid, eller om du vil ha den som er mest vanleg. Svaret er opp til den enkelte, her finst det ingen fasit.

Finst det godkjende bunader?

Nei, det finst inga godkjenningsordning for bunader. Ein må likevel vere oppmerksam på at dei som har utarbeidd bunaden, kan ha opphavsrett til han, og at det vert rekna som piratkopiering om ein produserer ein slik bunad utan å ha løyve.

Det mange tenkjer på når ein seier «godkjend», er bunader som er utarbeidde av lokale bunadnemnder eller i samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ein lagar då ein bunad etter kriteria til organisasjonen/institusjonen.

Må eg bruke hovudplagg?

Dei fleste bunader har hovudplagg, og bunaden er komplett fyrst når ein har dette på. Før i tida hadde alle gifte kvinner hovudplagg. Dei ugifte jentene hadde gjerne eit eige hovudplagg eller fletta hår med band eller oppsett hår. Mange bunader har også i dag eigne hovudplagg for jenter. Sjekk med den lokale bunadtilverkaren din dersom du ynskjer meir informasjon om hovudplagget.

Skal eg bruke hovudplagg for gift eller ugift når eg er sambuar?

Det er ikkje noko i vegen for at du kan bruke hovudplagg for gifte kvinner om du ynskjer det. Dette gjeld også andre draktdelar for gifte som somme bunader har.

Kan eg bruke sylv som ikkje høyrer til bunaden?

Det finnes lokale tradisjonar innan sylv på same måte som med klede. Vi anbefaler generelt at du bruker sylv som er utforma til bunaden.

Kva slags strømper skal eg bruke?

Vi tilrår tette knestrømper eller strømpebukse i ull eller bomull. Dei ulike bunadene har strømper i ulike fargar. Kva som høyrer til din bunad, kan du få informasjon om hjå det lokale husflidsutsalet eller bunadtilverkaren din.

Skal ein ha på seg trøye og hovudplagg inne?

Trøya bør vere på, spesielt i formelle høve, som til dømes kyrkjebruk. Menn skal etter tradisjonen ta av seg hovudplagget inne, medan kvinnene beheld det på.

Kva sko skal eg bruke til bunaden?

Vi anbefaler bunadsko, t.d. Klaveness-sko. Enkle svarte sko i skinn eller sko/støvlettar med snøring kan også brukast.

Korleis skal eg ta best vare på bunaden og bunadskjorta mi?

Sjå her for råd om stell av bunader og skjorter.

Registrerer de bunader?

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har fleire feltarbeid i året der vi registrerer folkedraktplagg og gamle bunader. Dei registrerte plagga legg vi inn i det digitale arkivsystemet Primus, og dei vert etter kvart tilgjengelege for allmennheita via www.digitaltmuseum.no. Når det gjeld nye bunader som er skapte i dag, har vi berre ei oversikt basert på informasjon frå produsentar om korleis bunaden ser ut, kva materiale han er bygd på, kven som produserer han, etc.

Eg vil bli bunadtilverkar, korleis blir ein det?

Med reforma Kompetanseløftet har det kome ny læreplan i bunadtilverkarfaget, og kursrekkja som blir kalla Bunadopplæringa, er bygd opp ikring denne læreplanen. Kursrekkja kan inngå som ein del av grunnlaget for å gå opp til sveineprøve. Deltakarar må i så fall melde seg opp som praksiskandidat/privatist i bunadtilverkarfaget. Det er fylkeskommunen som har ansvar for fagopplæringa i fylket. Ta derfor kontakt med dei om dette.

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lenger praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget, vanlegvis fem år. Praksisen må vera allsidig og dokumentert, og må vere i samsvar med krava i gjeldande læreplan i faget for opplæring i bedrift. Vurderinga må vere ei individuell vurdering av den enkelte sin bakgrunn, med tidskrav til praksis og allsidigheit og breidde i faget, ut frå læreplanen sine mål. Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte dette praksiskravet. Etter ei samla vurdering må praksisen dekkje dei mest sentrale delane av innhaldet i læreplanane for Vg2, Vg3/bedrift eller opplæring i bedrift i særløpsfag. Praksistida må godkjennast av fagopplæringskontoret før den praktiske delen av fag- eller sveineprøva kan avleggjast. Du må sjølv betale prøveavgift til fylkeskommunen for å avleggje både teoretisk og praktisk prøve, og du er sjølv ansvarleg for å skaffe prøvestad og nødvendig utstyr til den praktiske delen. Kvar og når du skal melde deg opp til teoretisk prøve for praksiskandidatar, varierer mellom fylka. For å finne ut dette må du kontakte fagopplæringa i fylket ditt.

Dette er det som blir lagt til grunn når praksisen din blir vurdert:

• Læreplanar for opplæring i bedrift

• Attestar frå arbeidsgjevarar, med tid/praksislengde/stillingsstørrelse

• Direkte kontakt med arbeidsgjevar

• Type praksis i faget og nærliggjande fag

• Kompetansebevis/vitnemål frå tidlegare skulegang

Somme opplever det som vanskeleg å finne fram i utdanningssystemet. Dersom du har spørsmål eller møter utfordringar, ta kontakt med oss eller Studieforbundet kultur og tradisjon, så skal vi gjere vårt beste for å hjelpe deg vidare på vegen mot å bli bunadtilverkar.

Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1