Tema: Kvinner i bunadhistoria
Dato: 25. og 26. oktober
Stad: Scandic hotell Valdres og Valdres Folkemuseum
Meld deg på her: Påmelding
Program
Måndag 25. oktober:
9.00-12.00: Registrering
12.00-13.00: Lunsj
13.00-13.10: Velkommen
13.10-13.40: Innleiingsforedrag ved Camilla Rossing
13.45-14.20: Foredrag ved Anne Kristin Moe: "Kvinner i bunadshistorien"
Til museet
15.00-17.00: Besøk i dei nye utstillingane
19.00: Festmiddag
Tysdag 26. oktober:
9.00-11.00: Kurs i småteknikkar knytt til hovudplagg
11.00-11.20: Pause
11.20-12.00: Foredrag ved Hålogaland bunadnemnd: Nordlandsbunaden
12.00-13.00: Lunsj
13.00-13.40: Foredrag ved Vest-Agder husflid: Mannsbunad frå Agder
13.40-14.10: Foredrag ved Egil Bakka: "Bunaden i nasjonsbygginga"
14.10-14.30: Politisk appell
Informasjon om kursa:
Heidi Fossnes: "Teknikk, tips og råd til brodering på strikka handplagg"
Heidi Fossnes har ein mangfaldig bakgrunn frå medie-, og reklamebransjen. Ho har mellom anna vore redaktør og utgjevar for Magasinet BUNAD på print frå 2004-2010, og er i dag redaktør for Magasinet BUNAD si heimeside og redaktør, og designar i SMØYG forlag. Ho har arbeidd som dekoratør og som art director og grafisk designar i reklamebransjen. Heidi har gitt ut ei rekkje bøker om bunad, både som forfattar og redaktør. Ho har heldt ei rekkje kurs og foredrag relatert til handplagg spesielt og bunadar generelt. Dette er ikkje eit praktisk kurs, men Fossnes vil demonstrere teknikkar, dele tips og vise fram plagg.
Barbro Tronhuus Storlien: "Plattsaum, ull på ull"
Barbro Tronhuus Storlien er bunadtilverkar med forkjærleik for norsk ullbroderi. På dette kurset går ho gjennom plattsaum og sjattersaum, og andre viktige sting som nyttast i våre broderte bunadar.
Siri Benjaminsen: “Smøyg - ein eldgamal saumteknikk”
Siri Benjaminsen er utdanna landskapsarkitekt frå Norges landbrukshøgskule. Ho har vakse opp i ein handarbeidsglad familie og har heile tida hatt stor tekstilinteresse. Ho gjekk faget Tekstilkultur på Vestnorsk kulturakademi på Voss i samband med oppstart av prosjektet om middelaldertekstilet Huldreduken. Siri har halde utstillingar, foredrag og smøygkurs relatert til Huldredukprosjektet. Ho er også leiar i Sogn Bunadnettverk.
Bjørg Hovland: “Applikasjon med leggsaum”
Bjørg Hovland har arbeids med rekonstruksjon og historie i Sogn, og har gitt ut boka “Folkedrakter og bunader i Sogn – Ei reise i tid og landskap” (SKALD 2014). Ho fekk Fylkeskulturprisen Sogn og Fjordane for 2019 for å mellom anna “å kombinere praktisk kunnskap om håndverk og tradisjon med god teoretisk innsikt i kulturhistorie og samfunnsutvikling” i lag med Ann Lundekvam.
Grethe Rudi Bråten: “Perlearbeid i Valdres”
Grethe Rudi Bråten har drive eigen bunadverkstad i 32 år. Er 78 år og utdanna formingslærar frå 1980. Grethe syr damebunadar, og då for det meste bringedukdrakt frå Valdres.
Ann Lundekvam: “Bunnmønster i enkel uttrekksøm”
Ann Lundekvam er pensjonert bunadtilverkar. Ho har vore med på å rekonstruere bunad for Jølster i Sunnfjord. Denne bunaden vart lagt fram for Bunad-, og Folkedraktrådet i 1987. Etter dette har hjo heldt mange kurs i bunadssaum. Ho har også vore lærar på Holmen Gard og på Rauland i montering av bunadsskjorte. Ann fekk Fylkeskulturprisen Sogn og Fjordane for 2019 for å mellom anna “å kombinere praktisk kunnskap om håndverk og tradisjon med god teoretisk innsikt i kulturhistorie og samfunnsutvikling” i lag med Bjørg Hovland.