Hopp til hovedinnhold

Perlesteinsbelter frå Valdres

Belta vart brukt gjennom heile 1800-talet, både til bringedukdrakta og seinare til rutastakkane.  Norsk institutt for bunad og folkedrakt har registrert over 130 slike belte, og denne varianten av perlebelta har lokalt særpreg og vi finn dei  berre i Valdres. Dei fleste belta  finst  i privat eige, men er og i museumsamlingane til Valdres Folkemuseum, Bergen Museum og Norsk Folkemuseum .

Belta har botn av raudt valka  ullstoff og kan vera kanta med fløyel eller ein aggekant som blir stansa ut av eit jern. Perlenettet er tredd med tynne nåler og lintråd, og det blir brukt to, fire eller seks trådar etter kor breitt belte skal vera. Fargane på perlene er grøne, kvite, svarte og gule og perlenettet har  forskjellige mønster.

Men kvar kjem desse glasperlene frå? Glas vart brukt som materiale i perler alt 3000 år f. Kr. I Norden fanst det perlemakarar i tidleg vikingtid om lag 700 år e.kr. I Italia vart det  tilvirka glasperler frå ca år 1000 e. Kr. Dei helt fyrst til i Venezia, men på grunn av all røyken og den store brannfaren vart glassmakarane i 1291 flytt il  Murano, ei øy utanfor Venezia. Sidan spreidde kunsten  seg nordover til Tyskland, som seinare vart sentrum for perleindustrien.

Til å begynne med vart perlearbeida brukt i kyrkjetekstilar og drakter til dei geistlige. Seinare vart perlene også brukt  til folkedraktene rundt omkring i  heile Europa og men også i fjernare strøk. Her i Norge er perlearbeida  mest utbreidd på Vestlandet på blant anna bringedukar og belte.

I Valdres  har desse fine perlesteinsbelta vore svært populære over lang tid.

Av Tordis Gjevre, tidlegare fagkonsulent ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Publisert i Avisa Valdres våren 2013

  • Perlesteinbelte med tredd perlenett pÃ¥ rød bunn
    1/1
    Perlesteinsbelte frå Øystre Slidre. Foto: NBF
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1