Hopp til hovedinnhold

Rekonstruksjon

Ein viktig del av rådgjevingsarbeidet ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt er knytt til rekonstruksjon på grunnlag av lokale drakttradisjonar.

Nokre av bunadene våre er utarbeidde som nøyaktige kopiar av ein eldre draktskikk, det vi kallar ein rekonstruert bunad. Ein rekonstruksjon inneber ei systematisk kartlegging av draktskikken i eit visst område, og deretter kopiering av ei drakt frå same stad og same tidsperiode. I tillegg til bevarte plagg kan andre viktige kjelder vere fotografi, måleri, skriftlege kjelder og munnleg tradisjon. Desse kjeldene kan seie noko om korleis og i kva høve kleda vart brukte. Det er òg viktig å finne ut av handelsvegar, næringsvegar og kontakt med andre bygdelag.

Etter utført feltarbeid blir det gjort ei vurdering av om det finst tilstrekkeleg med bevarte plagg og anna kjeldemateriale til at det kan vere grunnlag for ein rekonstruksjon. Deretter gjer NBF ei vurdering av kva plagg som bør rekonstruerast, eventuelt korleis plagg som allereie er valde ut, samsvarar med kjeldematerialet.

Den faktiske rekonstruksjonen av bunaden går føre seg lokalt, gjerne i samarbeid med NBF. NBF kan hjelpe med råd om mønster, materiale og saumopplæring. Ved fullført rekonstruksjon gjev NBF ei skriftleg uttale av arbeidet og eit diplom. NBF gjev råd og vurderingar berre til dei som sjølv tek kontakt.

  • Kvinne i bunad fra Indre Sogn
    1/1
    Rekonstruert kvinnebunad frå Indre Sogn. Foto Laila Durán
Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1