Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er organisert ved Valdresmusea. Verksemda er nedfelt i ein eigen avtale mellom Kulturdepartementet og museet. Her står det at Valdresmusea skal ha ansvar for drift, forvalting og faglege arbeidsoppgåver knytte til verksemda. Museet skal, jf. avtalen pkt. 3.1.:
- arbeide for å fremme, verne og vidareføre bruk og framstilling av bunader og folkedrakter i Noreg, som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar
- vidareføre og vidareutvikle arbeidet med å gje råd om og stimulere til auka forståing for tradisjonell draktskikk som grunnlag for dagens bunader
- formidle kunnskap frå arbeidet og om fagfeltet
- sørge for sikring, lagring, formidling, utvikling og vedlikehald av dokumentasjonssamlingane
- ha personalansvar for tilsett personale i verksemda
Dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt har sekretærfunksjonen for Bunad- og folkedraktrådet, som inneber saksførebuing, referatskriving og administrering av rådsmøte.