Hopp til hovedinnhold

Strikka handplagg

Under nemninga handplagg finn ein alt som kan brukast på handa og rundt handleddet, og som har ein varmande eller beskyttande funksjon.

I det bevara handplaggmaterialet i Noreg finn ein uendeleg mange variasjonar både i form, farge og dekor. Og ein finn lokale geografiske variantar om ein ser på utforming, teknikkar og materialar som har endra seg over tid.      

Størstedelen av det bevara handplaggmaterialet høyrer heime på 1800-talet og tidleg 1900. Og det er mykje bevara, spesielt av det ein kan kategorisere under stasplagg. Små plaggdelar som var rikt utsauma og pryda kunne leggast i ei kommodeskuffe og bevarast til neste generasjon, dei opptok ikkje mykje plass.           

I Valdres er dei eldste bevara strikka handplagga laga av heimespunne garn. Fargane varierer, men sauekvitt er det mest vanlege, men vi finn og brunt, grått og mørke blått. Desse vottane er ganske lange og dei har «krage», det vil seie at dei er vide ved opninga og smalnar inn rundt handleddet før sjølve votten begynnar. Dei er som oftast strikka i glattstrikk i ei farge og garnet er tynt, strikkepinnane likeeins. Dette gjer til at ein får ein tett og fast vott som eignar seg godt til å brodere på. Garnet som er brukt til broderi er i det eldste materialet heimespunne og plantefarga og utforminga på broderiet er forholdsvis enkel og rein.           

Ein kan sjå klare samanhengar mellom rosemålinga som var i Valdres på same tid og broderinga. Og samanliknar ein vottane her i dalen med andre område som Hallingdal, Numedal og Telemark er det ganske lett å skilje dei frå kvarandre. I Valdres er motiva ofte «slanke» og til dels spisse, medan ein for eksempel i Hallingdal finn meir runde former.  Vottane som har «krage» har og ein kant av «befs» eller «floss» rundt opninga og nedover mot handleddet, denne er som oftast laga av same garn som votten er strikka i, men han kan og vera laga av brodergarnet.  

Eit vottepar kan i mange tilfelle vere vanskeleg å tidfeste. Men eit greitt haldepunkt kan vere garnet som er brukt til broderinga. Midt på 1800-talet lykkast det ein engelskmann ved namn Perkin å lage ei fiolett farge på kjemisk basis. Dette var den fyrste farga i serien av dei såkalla anilinfargane. Desse fargane kom til Noreg i 1860- og 1870-åra. Diverre var ikkje desse fargane særleg fargeekte og det kan ein sjå om ein ser på baksida av broderiet. Der vil ein finne sterke og klare fargar, medan framsida oftast har blitt sterkt falma. Difor kan handplagg der slike fargar er nytta, vanskeleg vera eldre.

Utover på 1800-talet vart vottane kortare, den store kragen vart borte, og framover mot 1900 begynte vrangborden og kome. Samstundes kom det meir strikkegarn i handelen som var både mjukare og lausare tvinna enn heimespunne garn.  Motiva endra seg og noko, frå geometriske formar på 1700- og fyrste del av 1800-talet, får mønsteret no meir og meir vegetabilske formar.       

I denne perioden vart det og moderne å strikke finger- og halvvottar i kvitt bomullsgarn, desse var heilt eller delvis mønsterstrikka. I tillegg finn ein mange pulsvantar frå siste del av 1800- talet, desse er rettstrikka i tynt ullgarn og istrikka glasperler i ulike fargar. Strikking var arbeid som vart utført i heimane, eller utandørs på veg frå eller til noko. Kunnskapen gjekk i arv frå mor til dotter, og kjelder fortel at produksjon av handplagg var levevegen for fleire kvinner for 100 år og meir sidan.

Av Bodil Enger, tidlegare fagkonsulent ved Norsk insitutt for bunad og folkedrakt. Publisert i Avisa Valdres november 2013

  • Strikket vante med mangefarget ullbroderi
    1/1
    Fingervottar frå Hallingdal. Foto: NBF
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1