Bunadopplæringa

Bunadopplæringa er ei modulbasert utdanning innanfor bunadtilverkarfaget (vidaregåande nivå), der den praktiske tilvirkinga av bunadene står i fokus. Bunadopplæringa har to samlingar i året, over tre år. Kvar samling er på fem dagar. Kursrekkja er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Sjå nettstaden til Studieforbundet for meir informasjon.

  • Bringeduk frå Sigdal. Foto NBF
    1/1
    Bringeduk frå Sigdal. Foto NBF